Årsmøte i Miljøpartiet Dei Grøne i Os

Lokallaget av Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Os har halde årsmøte 10. mars 2011. Nytt styre er vald, og er no samansett av leiar Ellen Siren Bruarøy Hetleflåt, kasserar Gunnar Kvåle og sekretær Lisa Nøttseter.

I tida framover mot kommune- og fylkestingsvalet til hausten vil me arbeide for ei synleggjering av grøn politikk i Os.

Er du interessert i kva MDG står for kan du lese prinsipp- og arbeidsprogrammet her på nettsidene til MDG eller ta kontakt med oss på mail på os@mdg.no

Miljøpartiet Dei Grøne i Os