Berre lekkert?

Dette lesarinnlegget var på trykk i Os of Fusaposten første april 2015, men det er ingen aprilspøk at vi treng eit kommunestyre med betre prioriteringsevne.

Berre lekkert?
Lesarinnlegg 01.04.2015

 

Det spelar inga rolle om kapteinen kan sigla så lenge baugen peikar i feil retning. Vi treng nytt mannskap som har vilje til det grøne skiftet. Noko anna bør ikkje veljarane akseptera.

 

 

 

I det offentlege ordskiftet mellom FrP og Venstre om korvidt eit politisk skifte i Os kommune verkeleg er naudsynt stillar Eirik André Hesthamar frå FrP seg uforståande til behovet for å skifta ut leiinga i Os. Han understøtter dette med å peike på utviklinga i Os dei siste 16 åra, og meiner at det hadde vore ein annan situasjon dersom Søviknes og FrP ikkje hadde styrt.

Det er sjølvsagt riktig. Det er også heva over ein kvar tvil at mykje har skjedd under Søviknes, merittlista vitnar om det. Vi kan med sikkerheit slå fast at ei leiing frå ein annan politisk ståstad hadde prioritert annleis. Til dømes stemte AP og SV imot sal av eigarinteresser i Oskraft og BKK på byrjinga av 2000-talet. Fleire AP-politikarar har vore tydelege på at dei ikkje ville gått inn for sal av Fjellheim og bygging av Oseana. Venstre har gjort det klinkande klart at det hadde vore uaktuelt å tilrå motorveg tvers gjennom Os med bru over Bjørnafjorden.

Det er mykje som kunne vore annleis med eit anna styre. Til eksempel hadde det heilt sikkert vore litt høgare kommunale avgifter enn under Søviknes. Det er ikkje sikkert ei anna leiing brått hadde løyva ti millionar ekstra til oppussing av sletne vegar, eller gjennomført opprusting av vass- og kloakknettet. Moglegeins hadde ikkje Prosjekt Betre Læringsresultat blitt sett i gong, og kanskje heller inga storstilte oppusningsprosjekt av skulane. Kanskje det ikkje hadde blitt initiert spleiselag med Os Fjordboliger AS om å betra trafikksikkerheiten på Hatvikvegen. Kanskje det ikkje ein gong hadde blitt lagt til rette for storstilt utbygging på Bjånes i heile tatt! Ja, tenk, det er ikkje sikkert det hadde vore noko Liv på Øyro-prosjekt! Kanskje eit anna styre ikkje hadde seld seg ut av BKK, og dermed ikkje hadde hatt økonomisk armslag til å føra den politikken som har blitt gjort under Søviknes?

Ja, det hadde vore annleis med eit anna styre. Med litt høgare kommunale avgifter hadde det moglegeins ikkje vore naudsynt med ei brå 30% auke. Kanskje beløpet hadde vore stabilt fordi høgare avgifter hadde tillete tilstrekkeleg vedlikehald. Ja, kanskje grunnen til at det ikkje ville vore naudsynt å løyva ekstra pengar til vegane hadde vore den same – vedlikehald. Det same gjeld Fjellheim. Dersom det hadde vore gjennomført jamnleg vedlikehald hadde kanskje Fjellheim gått ein annan lagnad i møte enn den vi ser i dag. For ikkje å snakka om skulane! Med jamnleg vedlikehald hadde truleg ikkje vedvarande forfall og mangel på prioritering gjort det naudsynt med massiv modernisering. Med rett fokus og gode føresetnader i skulen ville det kanskje ikkje vore behov for ekstra innsats for å få resultata på rett kurs. Då hadde det kanskje heller ikkje vore naudsynt for Staten å gå inn med ekstra, øyremerkte midlar til Os og dei 99 andre kommunane i botnsjiktet av skulesatsing. Og med betre arealplanlegging hadde det mogelegeins ikkje vore heilt det store behovet for storstilt skuleutbygging – ei skuleutbyggjing som for øvrig knapt dekkjer inn dagens behov. Kanskje hadde ikkje skuleborn trunge å ta buss forbi nærskulen sin. Kanskje til og med borna til Marie Bruarøy og Eirik André Hesthamar, og kameratane deira, hadde hatt ein trygg skuleveg? Med meir ryddigheit i saksgongen i byggesakar hadde heller ikkje kommunen trunge å vera med på spleiselag med ein utbyggjar som burde ha planlagt etter rekkefølgjekravet om trafikksikkerheit, før dei sette i gong utbygginga. Med tydelegare openheit hadde ein kanskje også unngått den krasse kritikken av avgjersleprosessane i kommunen. Betre og meir sobert fokus på næring framfor utbygging hadde kanskje redda sentrum frå å skrika etter Liv på Øyro. Det hadde kanskje allereie vore liv på Øyro, med renseri, fiskehandel, ungdomskledebutikk, urmakar, slaktar, kolonial og mykje, mykje meir. Med fokus på næring i staden for dei storstilte bustadprosjekta hadde det moglegeins ikkje vore det heilt store trykket heller, for rapporten til Telemarksforsking som nyleg vart lagt fram visar at sjølv om talet på innbyggjarar har auka betrakteleg har talet arbeidsplassar i kommunen vore stabilt lågt med svak næringsattraktivitet sidan 2007. Lågare enn det som ein kommune på Os sin storleik bør ha.

Og så var det inntektene då. Ein annan administrasjon hadde kanskje gått inn for å halda på trygge og sikre inntektskjelder frå kommunale eigarinteresser i BKK. Det kunne gitt større forutsigbarheit, også i framtida. Og den gjelda? Vel, det som har til gode å bli nevnt i denne debatten er at Os kommune har ei gjeld som er temmeleg mykje høgare enn då Søviknes tok over, trass i innbyggjarvekst og økonomiske oppgangstider. I tillegg får Os ein god del nye utfordringar med dei varsla endringane i tildelingsmodellen som vil gje mindre statleg tilskot enn før. Og då speler det inga rolle om det er gull både her og der i regnbogen.

Så ja: Det har skjedd ting under Søviknes. Mykje av det er bra. Men det er ikkje berre lekkert. Å tru at det utelukkande er med Søviknes som ordførar at kommunen fungerer er direkte naivt.

Heilt til sist – Hesthamar, ordførar Søviknes og varaordførar Bruarøy etterlyser konkrete argument for kvifor vi absolutt må ha eit politisk skifte. Til det står det eit soleklart og solid argument, som det er overraskande at enno ikkje har blitt nevnt: Klimautfordringane. Det er ingen løyndom at FrP er det einaste partiet på Stortinget som stemte imot den nye klimalova. Men også Høgre har vist seg motvillige til å satsa naudsynt for å imøtekomma denne trugselen. Ei slik styring har vi rett og slett ikkje råd til, korkje på nasjonalt eller på lokalt plan. Vi må skifta kurs, no, og det krev ei leiing som vel å ta den kampen. Det spelar inga rolle om kapteinen kan sigla så lenge baugen peikar i feil retning. Vi treng nytt mannskap som har vilje til det grøne skiftet. Noko anna bør ikkje veljarane akseptera. Så enkelt er det faktisk.

Stem for eit grønt skifte ved kommunevalet til hausten!

Bjørn T. Bøe, 3. kandidat Miljøpartiet Dei Grøne i Os