Fotocredit: https://www.flickr.com/photos/42380561@N05/ (CC BY 2.0)

Budsjett og økonomiplan 2016-2019

Då har MDG Os for første gang levert budsjettforslag i Os kommune. Det har skjedd gjennom eit fruktbart samarbeid mellom Senterpartiet, Tverrpolitisk Samlingsliste, Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne.

1 December, 2015

Budsjettet og økonomiplanen byggar på ei tilpassing av rådmannnen sitt budsjettframlegg. Heile budsjettdokumentet til samarbeidspartane kan lastast ned her. Dette alternativet budsjettforslaget vart lagt fram for formannskapet i møte 1. desember 2015, og skal stemmast over i kommunestyret 15. desember 2015.

Berekraftig utvikling – vekst og styring i samarbeid

Me står på terskelen av endringar som kan ha stor påverknad på Os, og det er kanskje meir avgjerande enn nokon gong at me har ei kontrollert og medviten styring inn i framtida, med vilje til prioritering og langsiktig planlegging.

Kommuneøkonomien har stramme rammer, og omfattande prosjekt som Luranetunet krevjer enorme, økonomiske forpliktingar langt inn i framtida. Samstundes som at me ventar framleis stor folkevekst manglar me arbeidsplassar, og heilskapelege planar for infrastruktur må stadig vika for innfall og symbolprosjekter. I tillegg går me uvisse klimaforhold i møte som vi ikkje ein gong anar konsekvensene av. Det er heilt avgjerande med ein klar visjon for korleis me vil at framtidas Os skal vera.

Samarbeidspartia Senterpartiet, Tverrpolitisk samlingsliste, Miljøpartiet Dei Grøne og Arbeidarpartiet meiner at realistiske, praktiske og gjennomførbare løysingar med satsing på skule, kultur og grøn omstilling er det som best rustar oss for framtida og tek høgde for dei utfordringane vi går i møte.

  • Skulesatsing
    Ei framtidsretta samfunnsutvikling må ha solid grunnmur. Barna våre er framtida, og ei styrking av skulen for å rusta neste generasjon er det beste fundamentet vi kan leggja. Interesser som hindrar skulen i å gjennomføra sitt samfunnsmandat kan ikkje gå føre prioritering av skulen, og det må vera eit minimumskrav frå kommunen si side at skulen har tilstrekkelege fasiliteter og utstyr. Fagmiljøa sjølve bør vera medvirkande til bruken i den enkelte eininga.
  • Klimatiltak
    Med den kjennskapen me i dag har om dei veksande utfordringane med klimaendringane anerkjenner me at det er heilt naudsynt å setja i gong det grøne skiftet. Omstillinga til ein grønare profil for Os kommune vil bidra til å sikra Osbygda for barna våre og framtidige generasjonar.
  • Kulturtiltak
    Kultur er folkesjela, og me anerkjenner behovet for auka kulturfasilitetar. Oseana maktar ikkje å bidra til å gje næring til det mangfaldige kulturlivet som finst i bygda, og det er sterk trong til alternative arenaer som kan famna om dei gruppene som ikkje har føresetnadar for å husast i Oseana. Difor ser me ei styrking av Kyrkjetunet og ei revurdering av Fjellheim som naudsynte tiltak for å ivareta rikdomen av kulturutrykk som har bidratt til å setja Os på kartet. Dess meir folketalet veks, dess større blir behovet for alternative kulturarenaer.
  • Edruelege investeringar
    Kommunen sitt tenestetilbod og den eksisterande infrastrukturen er pressa av folkeveksten. Me anerkjenner behovet for auka investeringar til naudsynt infrastruktur, og vil difor i stor grad følgja rådmannen sine tilrådingar om auka låneopptak. Men inntektene til kommunen står ikkje i forhold til dei store investeringane ein ser føre seg over dei neste åra, og me meiner at det i usikre økonomiske tider er det uklokt å låna over evne. Difor vil me bremsa noko ned på pengebruken og hovudsakleg fokusera på naudsynte investeringar framfor ønskte.

Miljøpartiet Dei Grøne har fått gjennomslag i budsjettarbeidet for viktige saker som aksjeuttrekk frå fossil sektor, klimarekneskap og sektorvise kuttforslag, antikorrupsjonsprogram, at ein vil imøtekoma IMDi sine anmodingar om flyktningar, og saker som auka kulturbudsjett og breiare bruk av fri programvare og opne standardar. Det har vore eit konstruktivt arbeid der ein lett har kunne samla seg om mange av sakene, og vi vil gje skryt til samarbeidspartnarane for god dialog frå første stund.