Endå meir om elbilar

I Os og Fusaposten  25. oktober 2014 skreiv Anders Vindenes eit innlegg med tittel “Meir om elbilar” der han kritiserte eit tidlegare innlegg der Sigbjørn Grønås frå Besteforeldreaksjonen mante til betre elbilpolitikk i Os. Nedanfor er ei faksimile av innlegget til Vindenes etterfulgt av tilsvar frå Nils-Anders Nøttseter, førstekandidat til kommunevalet i Os for Miljøpartiet Dei Grøne. Tilsvaret vart publisert i same avis 1. november 2014.

Faksimile Os og Fusaposten - Meir om elbilar
Faksimile Os og Fusaposten – Meir om elbilar

Endå meir om elbilar

Anders Vindenes skriv meir om elbilar i «Os og Fusaposten» 25. oktober, og tar til dels opp viktige problemstillingar vi kan einast om, men er også litt uheldig med kva han vektlegg i innlegget. Vi kan finne studiar som gjev anten elbilar eller moderne fossilbilar stort CO 2 -fortrinn avhengig av korleis ein reknar og kva ein vel å ta med (ofte manglar sjølve oljeproduksjonen frå utrekninga til fossilbilane medan ein inkluderer elproduksjonen for elbilane). Ein endeleg fasit er truleg vanskeleg å einast om. Det som er svært leit er at formannskapet i Os la ned elbilsatsinga på sviktande grunnlag ved å berre nytte Eirik Stavseth sine dramatiske CO 2 -utrekningar som er både forelda og tilbakevist fleire gonger.

Kunstig

I Noreg vil den reelle elektrisiteten i all hovudsak vere rein og grøn. EU-straum vil også verte reinare og reinare med åra, så desse tala vil berre verte betre. Å rekne elbilar med straum frå kolkraftverk utan reinsing opp mot heilt nye bensin-/diesel- og hybridbilar er difor kunstig. Ein Tesla Model S som køyrer på kolkraft er også mykje reinare enn ein gjennomsnittleg norsk bil. Flytting av ureining frå mange lite effektive motorar til færre meir effektive kraftverk med reinsing er også positivt både for å motverke lokal ureining i byar og for å få ned totale utslepp. Om ein insisterer på å rekne med marginal-straum, altså elkraft produsert frå kol, så bør ein også rekne med marginal-petroleum, som truleg vil vere oljesand frå Canada. Uansett kva CO 2 -utrekningar ein nyttar er det fleire viktige moment ved elbilar ein må ta med i debatten. Vi veit at vi må slutte å køyre fossilbilar, og då trengst det ei rask teknologiutvikling. Her er vesle Noreg i aller høgste grad ein leiar med global påverknad. Utan dei norske virkemidla hadde ikkje global elbilproduksjon eller teknologiutvikling vokse like raskt. Tesla byggjer no ny fabrikk som blir verdast største leverandør av elbilbatteri, og heile produksjonslinja og fabrikken blir CO 2 -nøytral. Det er ikkje berre Tesla som ser til Noreg, dei tradisjonelle bilprodusentane har auka satsinga av same grunn. Sjølv om ein ser den norske marknaden som liten er vi altså ein svært effektiv katalysator, og faktisk kopierer Kina, verdas mest folkerike land, med størst vekst og ureining, no den norske modellen med elbilfordeler.

95 prosent elbil

Problemstillinga med sjeldne metall og urein produksjon i Kina gjeld heile vårt moderne samfunn, ikkje berre elbilar. Dette er problemstillingar ein absolutt må arbeide med på mange plan, både reinare produksjonslinjer, betre materialbruk, gjenbruk, resirkulering og fortsatt teknologiutvikling. I tillegg er det verdt å påpeike at sjølv om aluminium er energikrevjande å produsere er det omtrent det enklaste og minst energikrevjande materialet å resirkulere. Nye norske tal frå oktober (TØI 1352/2014) seier at 95% av personbiltrafikken i landet kan dekkast av elbilar med normal (kort) rekkevidde. Sjølv om Model S er populær med høgt sal og mykje omtale er marknadsandelen i september 2014 berre 15.8% mot Nissan sine 41% (Grøn Bil/OFV), så det er feil å leggje så stor vekt på denne luksusvarianten av elbil. Kva skjer når Tesla får ein moderne, rimeleg og fornuftig familiebil med lang rekkevidde på marknaden, finansiert av risikovillige early adopters og fornuftige politiske tiltak?

Tunge elbilar

Vektreknestykket til Vindenes blir søkt ettersom han berre tar med vekta på energien, utan å rekne inn resten av motor og drivverk – skjønt eg skal vere den første til å innrømme at elbilar er tunge. Norsk Elbilforening har testa kva rolle vekta spelar inn på energiforbruk i forskjellige elbilar, og det er overraskande lite variasjon. Ein liten Volkswagen e-up! brukar omtrent 1,5KWh per mil og ein Tesla brukar 2,5KWh. Leaf som ein meir vanleg bil i midten kjem ut på rundt 2KWh. Mykje av grunnen til dette er at tunge elbilar regenererer mykje meir energi enn lette elbilar. Kia har publisert tal der deihar samanlikna dei forskjellige utgåvene av bilen Soul som leverast med el, bensin eller diesel. Tala viser at produksjonsutsleppet er høgst for den tyngste bilen, og utsleppa korrelerer direkte med vekta. Dette betyr at ein må samanlikne CO 2 -utslepp for bilar som veg omtrent det same når ein snakkar om produksjonsutslepp, ein Tesla Model S må samanliknast med ein bensinbil med same vekt.

Levetid

Problemet med oppvarming av elbilar er også reelt, spesielt i Norge, men å seie at spillvarme frå ein ineffektiv fossilmotor er eit fortrinn er ikkje heldig. Dette løysast allereie i dag av at produsentane monterer varmepumpe i bilane. Når det gjeld levetida til batteripakka fortel Nissan at dei har mykje betre resultat enn forventa, og gjenbruk av Leaf-batteripakker nyttast fleire stader til mellomlagring av straum frå solceller og vindmøller. Trond Arvid Røsvik er ein nordmann som har montert solceller på taket der han bur, i eit heilt vanleg rekkjehus. Hans nyaste prosjekt er at han har installert to brukte Nissan Leaf batteripakker, og ved å mellomlagre straumen fram til han skal nytte den vil han truleg vere fullstendig sjølvforsynt med straum frå mars til oktober. I realiteten bør difor produksjonsutsleppa reknast mot heile levetida til batteripakken, og ikkje berre mot talet på kilometer batteriet er brukt som bilbatteri.

Gjenbruk

Det er rett at gjenvinning av elbilar er vanskeligare, men det betyr ikkje at vi skal slutte med teknologisk nyvinning, ein Ford Escort frå 1987 er også mykje lettare å resirkulere enn ein dieselbil frå 2014. Gjenbruk og fokus på gjenvinning av høgteknologi hjelper på problemet. Eg vil avslutte mitt innlegg med Vindenes sitt utgangspunkt. Det er klart at elbilar vil verte brukt mykje som vanlege bilar med resulterand ureining, støy, støv, slitasje, kø og ikkje minst ulykker. Difor er det svært viktig å samstundes jobbe fram betre løysingar for kollektivtrafikk og lokale arbeidsplassar. I Os kommune arbeider 53% utanfor kommunen, dei fleste i Bergen. Vi har ingen fungerande kollektiv pendlarløysing for Kokstad/Sandsli, og det finst berre 400 meter kollektivfelt i ein retning mellom Os og Bergen.

Nils-Anders Nøttseter
1. kandidat, Miljøpartiet Dei Grøne i Os