Listetopp i Os og Fusaposten

Kommunepolitikk i media

Lokalavisa i Os, Os & Fusaposten, har den siste tida hatt ein rekke artiklar som løftar fram kommunepolitikken, mellom anna gjennom ein serie intervju med listetoppane frå kvart parti. Det er svært flott at lokalavisa prioriterer å bruka plass på lokalpolitikken på denne måten! Avisa skriv óg ein serie om førstegongsveljarar, og felles for desse er at dei har lita eller inga kjennskap til dei politiske partia som er aktive i kommunen. For at innbyggjarane skal kunna gjera informerte val må dei ulike partia bli meir synlege, og det er noko vi i MDG vil prioritera fram mot valet. Vi kjem til å følgja med på denne spennande serien, og håpar å få nokre tips frå ungdomen i Os om korleis vi kan nå dei!

MDG sin leiarkandidat

OFP_150311_meir_fritid_framfor_auka_forbruk I sin serie med presentasjonar har Os & Fusaposten nett laga ei sak på Nils-Anders Nøttseter, toppkandidat og lokallagsleiar for Miljpartiet Dei Grøne i Os. I intervjuet fortel han om korleis MDG Os har klima- og miljøperspektiv som ramme for politikken, og at hovudbodskapen til MDG er å forvalta ressursane på ein betre måte enn dagens praksis. MDG vil ha ei aktiv satsing på sal av kortreiste produkt og mat, og vil elles jobba for at lokalsamfunna skal vera mest mogleg berekraftige, seier han i intervjuet, som du laste ned og lese her.

Kontaktinformasjon til Miljøpartiet Dei Grøne i Os finn på på http://os.mdg.no/about/