Miljøpartiet Dei Grøne ser fram mot valet 9. september

Miljøpartiet Dei Grøne sitt lokallag i Os er i gang med innsatsen for å få fart på den grøne bølgja som kjem.

I løpet av våren har vi halde to opne møter hjå Os folkebibliotek. I april hadde vi besøk av økonomen Per Hjalmar Svae som presenterte tankane i den nye boka si “Løsningen er grønn økonomi, politik og livsstil”. Her møtte både medlemmar og andre opp for å høyre ei svært gjennomtenkt og heilskapleg analyse av kva løysinger som finst på dei nye utfordringane verda står overfor.  I mai fekk vi besøk av Tom Sverre Tomren som er førstekandidat til Stortinget frå Hordaland MDG, ein varm og engasjert mann, med stort hjarte og stor kunnskap om grøn politikk.

Vi i Os gler oss over lovande og oppløftande meiningsmålingar over det ganske land. Vi her har tenkt å gjere vårt for at flest mogeleg skal få lyst å vere med å surfe på den grønne bølgja. Medlemmar frå Os MDG vert å finne på stand utover i august både på Os og på Amfisenteret. Vi er og i gang med distribusjon av valkampavisa vår, der ein mellom anna kan lese om 2. kandidaten frå Hordaland. Ho er ung, svært lovande og uvanleg godt orientert, talsperson for Grøn Ungdom og frå vår eiga bygd – Ingrid Ophaug Dahl.

MDG er i sterk vekst over heile landet. Lokallaget vårt er ikkje noko unntak, vi blir stadig fleire og er glade for alle nye andlet og stemmar som kjem til.

Har du spørsmål eller ønskjer å høyre meir om lokallaget vårt,  send oss ein e-post på os@mdg.no eller ta kontakt med eit styremedlem.

Styret i Os MDG består av

Lisa Nøttseter, leiar

Gunnar Kvåle, kasserar

Ellen Siren Bruarøy, sekretær