Om Miljøpartiet dei Grøne i Os

Lokallaget i Os kommune (Hordaland) har stilt liste i kommunevalet før utan å kome inn. I valet 2015 er vi overtydde om at vi kjem inn med minst eitt mandat, og ambisjonen er å starte med to mandat kommande periode. Vi veit frå Stortingsvalet 2013 at vi har nok støtte i Os til å sikre eit mandat, og partiet har vekse kraftig både lokalt og nasjonalt.

Partiets styreleiar er Nils-Anders Nøttseter, og kan kontaktast på os@mdg.no. Styreleiar er allereie kumulert som førstekandidat på lista til valet, og resten av lista er under utarbeiding no når hausten startar. Om du ønskjer å delta er det berre å ta kontakt eller melde seg inn. Det er mange måtar ein kan bidra på, om ein sjølv vil stille til val, arbeide med utforming av politikk, eller berre syne sin stønad til partiet. 

Sjå òg vår Facebook-side for oppdateringar og inspirasjon. 

Vi i OsMDG jobbar aktivt med lokalprogrammet fram til valkampen startar, vi vil vise veljarane at vi har eit komplett valprogram for forvaltning av kommunen. Mange som ikkje har sett seg inn i politikken til partiet trur diverre at vi er eit særparti som kun jobbar for miljø- og klimasaken. Vi stiller til val i kommunen fordi vi meiner det trengst ei endring i retninga kommunestyret fører bygda. Det er for mange grunnleggjande saker som fell gjennom med dagens leiing, spesielt i høve vekst og manglande infrastruktur i samband med veksta. Vi ser klårt også kommunestyret sin handsaming av bru over Bjørnafjorden som ugrei utan stønad i folket, og kommunen er heller ikkje særleg framoverlent når det gjeld gode miljø- og klimavenlege planar.