Ukultur

Os og Fusaposten 18. oktober 2014 kunne ein lese om tilsegn på 300.000 kroner til Osfest frå formannskapets disposisjonsfond. Det kom fram korleis kulturkronene i Os kommune vert delte ut utan tilstrekkeleg struktur og føreseielegheit. Professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen, Jan Fritjhof Bernt, er på same avisside sitert på at det er opplagt at ordføraren var inhabil i avgjerdsla, altså motsett konklusjon som kommuneadvokaten kom fram til. Nedanfor er ei faksimile av saka etterfulgt av innlegg om korleis Miljøpartiet Dei Grøne i Os meiner ein skal forvalte kulturkronene betre i framtida i Os. Innlegget vart publisert i same avis 25. oktober.

Klikk på bilete for å få lest heile avissida. 

Faksimile Os og Fusaposten - Osfest fekk 300.000
Faksimile Os og Fusaposten – Osfest fekk 300.000

Ukultur

I Os og Fusaposten laurdag 18. oktober står det å lese om ei tilsegn på 300 000 kroner til Osfest frå kommunen sitt disposisjonsfond. I artikkelen kjem det fram kor tilfeldig kommunen handterer kultursektoren og tilhøyrande kulturmidlar i dag. Vi i Miljøpartiet Dei Grøne i Os meiner kommunen har mykje å gå på for å få på plass betre, meir rettvise og gjennomsynlege prosessar rundt kulturkronene.

I dag kan det sjå ut for at kulturkronene i Os dukkar opp frå ulike postar på budsjettet når nokon ropar høgt eller sit nærme makta. I første omgang vil MDG få samla og synleggjort kva pengar som går til kultur i Os i dag. Dernest vil vi opprette to fond til ulike lokale initiativ. Midlane må tildelast etter kjende kriterium og til gitte tidspunkt. Det eine fondet skal dekke frivillig aktivitet innan amatørkultur, idrett, rusfrie og rusførebyggjande tiltak. Her er det snakk om ein enkel søknad med enkel rapportering.

Det andre fondet skal gå til det profesjonelle kulturlivet i Os. Her kan institusjonar og enkeltaktørar søkje om både driftstilskot og prosjektstønad. Søknadane til dette fondet skal handsamast av eit utval beståande av både kunstkyndige personar og politikarar.

Kunst og kultur er avgjerande for bygdas og Osinganes identitet og er for viktig til å handsamast etter innfallsmetoden.

Nils-Anders Nøttseter
1. kandidat, Miljøpartiet Dei Grøne i Os