Kommuneval 2015

18 May, 2015

Miljøpartiet Dei Grøne sitt mål er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal underordnast sunne økologiske prinsipp, og fremja fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn basert på lokale ressursar er ein føresetnad for å nå målet. Vi tek mål av oss til å utforma ein heilskapleg politikk for notid og framtid, basert på tre grunnleggjande solidaritetsprinsipp; solidaritet med andre menneske, solidaritet med framtidige generasjonar, og solidaritet med dyr og natur.

Frå prinsipprogrammet

EIT GRØNARE OS

Os står framfor endringar som kan redefinera vår identitet, kultur og natur. Det skal gjennomførast ei storstilt kommunereform, det ligg føre planar om ein enorm motorveg som vil kryssa bygda på langs, og ikkje minst snakkast det om ei teknologisk utfordrande kjempebru som er foreslått å kryssa Bjørnafjorden. Desse endringane kan få ukjende påverknadar på menneske, miljø og natur. Valkampen vil bli prega av spørsmål rundt desse potensielle endringane, og det vil også truleg bli naudsynt å definera tydeleg for oss sjølve som osingar korleis vi vil at det skal vera å bu i Os i framtida.

Miljøpartiet Dei Grøne i Os set samspelet mellom menneske, natur og biologisk mangfald i sentrum for politikken. Vi vil ha ei bygd som bevarer landbruk og grøne område, som tek vare på og utviklar lokalsamfunnet og det lokale næringslivet. Vi vil ha ei klimasmart bygd der det er godt å bu, med livskvalitet, tryggleik, møteplassar og arbeidsplassar. Vi ønskjer ikkje eit Os dominert av ei enorm trafikkmaskin, men ei bygd med realistiske, praktiske, reine og effektive løysingar på transport og utvikling. Os må ikkje leggja opp til å vera ein forstad eller gjennomgangsåre for storbyen Bergen medan vi øydelegg og byggjer ned natur og biologisk mangfald.

Miljøpartiet Dei Grøne i Os vil løfta bygda vår vidare som ein god og berekraftig kommune, og vil ta vare på dei særskilde kvalitetane vi har i Os. Det inkluderer kulturrikdom og frodig natur, og lokal verdiskaping.

 

 LAST NED ARBEIDSPROGRAM 2015-2019

Lokalprogram 2015-2019

 

LAST NED KORTPROGRAM 2015-2019

Kortprogram 2015-2019

Epost

MDG_Twitter_pos_RGB

Facebook